Samla blodsporprøve
Helga 8-9.august arrangerte Jotunfjell Fjordane Elghundklubb samla blodsporprøve over to dagar, i Stryn/Markane.
Det vart ei flott helg med godt oppmøte og mange dyktige ekvipasjar. Laurdag stilte 11 ekvipasjar til start, medan 5 ekvipasjar deltok søndag. Det var både fleire lokale, men også tilreisande frå minst tre andre fylker, til og med deltakarar heilt frå Sverige!
Resultata var særdeles gode, med flotte prestasjonar og premieringar begge dagar. Det er kjekt å sjå så mykje godt arbeid frå både hundar og førarar i sporet.
Dommarar for helga var Idar Nygård, Lidvin Hage og Geir Aardalsbakke.
Med oss hadde vi også Caroline Grønli og Rita Åshamar, som er i gang med utdanninga til ettersøksdommarar. I tillegg til å få verdifull erfaring gjennom utdanninga var dei ein viktig ressurs i gjennomføringa, mellom anna med sporlegging. Takk for god innsats!
Ein stor takk går også til Pets Nordfjord, som støtta arrangementet med premiar til deltakarane. Det set vi stor pris på!
Vi vil og rette ei stor takk til Hornindal og Markane Skyttarlag for at vi fekk nytte anlegget gjennom heile helga. Dei flotte fasilitetane gav oss ein svært god base for arrangementet.
Laurdag kveld samla vi dei som ønskte det til felles grilling og sosialt samvær. Slike stunder er ein viktig del av ei arrangementshelg og gir høve til å dele erfaringar, historier og godt lag på tvers av både fylkes- og landegrenser.
Tusen takk til alle deltakarar, dommarar, dommaraspirantar, sporleggarar, støttespelarar og andre som på kvar sin måte bidrog til ei triveleg og vellukka helg!
Vi håpar alle hadde ei fin helg i Markane, og ønskjer velkomen tilbake ved neste høve!

